Violeta Violeta - Ein romantisk tragedie?
Denne oppgåva utforskar spørsmålet om kva slags verk Violeta Violeta – En romantisk tragedie av Kaizers Orchestra er. Albumtrilogien har ein stor musikalsk og litterær rikdom, på kryss og tvers av historiske epokar. Det balanserer mellom heilskap og fragmentering, samtidig som det bryt konvensjonar. Samla sett gjer dette verket fascinerande, men også komplekst. Sidan albumtrilogien har eit særs tett samspel mellom musikk og tekst, tek oppgåva føre seg det framførte verket. Dermed plasserer masteroppgåva seg i det tverrfaglege forskingsfeltet mellom tekst og musikk. Oppgåva er tredelt. For å kunne svare på forskingsspørsmålet, følgjer fyrst ei kartlegging av musikalske og litterære sjangrar.…