0000000000532880
AUTHOR
Irene Lohne Westad
showing 1 related works from this author
Er sær skriving ny norsk? : ei samanlikning av allmennlærarstudentar si rettskriving i båe målformer
2011
Masteroppgave i nordisk språk og litteratur- Universitetet i Agder 2011 Eg vart merksam ein plakat i gangen på universitetet som meldte at "ALLMENNE LÆRER BØKER SELGES", og han starta det som no er blitt til denne avhandlinga. Eg fatta interesse for allmennlærarstudentar og lurte på korleis det stod til med rettskrivinga hjå framtidige lærarar. Kan hende feilskrivinga i overskrifta på plakaten meldte kvifor bøkene skulle seljast? Gjennom ein empirisk studie har eg freista å danne eit bilete av kor godt eit utval på 34 studentar frå to klassar på allmennlærarstudiet ved Universitetet i Agder meistrar rettskrivingsnormer i båe målformer. Eg har undersøkt 68 tekster, som desse studentane har s…