Algoritmisk tenking og undervisningsmodellen PRIMM - Eit studium av algoritmisk tankegang hos elevar når dei programmerer i Scratch.
Innføringa av LK20 hausten 2020, gir klare føringar på at algoritmisk tenking og programmering er ein del av kompetansen elevane skal inneha i framtida. Målet med denne studien er å sjå korleis algoritmisk tankegang kjem til uttrykk hos elevar på 8.trinn gjennom programmering, og meir spesifikt korleis algoritmisk tankegang kjem til uttrykk i dei ulike fasane av PRIMM når elevar programmerer i Scratch . Studien tek utgangspunkt i sosiokulturell læringsteori, då PRIMM-modellen vektlegg diskusjonar omkring tolking av kodar, og overføring av ferdigheit og kunnskap frå det sosiale til det kognitive planet (Sentance, Waite, & Kallia, 2019). Programmet elevane brukar er Scratch. Eit program som o…