Critical Literacy in the subject Norwegian: How students (13–14 years) read and evaluate multimodal commercial texts
Denne artikkelen presenterer funn frå ei spørjeundersøking om kritisk lesing og vurdering som omfattar eit utval på 228 norske elevar på åttande trinn (13–14 år). Studien undersøkjer både kva oppfatningar om kritisk lesing elevane formidlar og korleis elevar vurderer og grunngir lesinga si av multimodale kommersielle tekstar. Eit hovudfunn i studien er at forståinga av kritisk lesing som kjeldekritikk er mest utbreidd blant elevane. Ein stor del av elevane har såleis ei rimeleg, men avgrensa oppfatning av kva det vil seie å nærme seg ein tekst på ein kritisk måte. Elevane forbind i mindre grad kritisk lesing med det å nærme seg teksten på ein analytisk måte. Eit anna hovudfunn er at ein del…