Ti år etter terroren. Ei lesing av 22. juli - og alle dagene etterpå av Tonje Brenna (2021)
Temaet for denne oppgåva er 22. juli-litteratur, med fokus på vitnesbyrd som vart publisert ti år etter terroren. Det empiriske materialet som dannar grunnlaget for oppgåva er 22. juli – og alle dagene etterpå (2021) skriven av Utøya-overlevande Tonje Brenna. Boka er ein litterær sjølvbiografisk refleksjon med ein tosidig distinksjon, mellom tida under terrortimane og konsekvensrefleksjonar om ettermælet i eit perspektiv på ti år. Først skal eg gjere ein sjangerdiskusjon, i lys av relevant sjangerteori. Det teoretiske utgangspunktet eg legg til grunn for analysen er eit traumeteoretisk fundament og teori om å formidle vidare personleg vitnesbyrd. Deretter ser eg på litterære framstillingar …