6533b7dafe1ef96bd126e7ca
RESEARCH PRODUCT
Grøn omstilling av regionalt næringsliv : Eit casestudie av korleis aktørar i Eyde-klynga bidrar i den grøne omstillingsprosessen innanfor prosessindustrien i Agder
Yngvild Bakken Furunessubject
VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240::Offentlig og privat administrasjon: 242ME513description
Master's thesis in Innovation and knowledge development (ME513) Denne masteroppgåva analyserer aktørane i Eyde-klynga som bidrar i den grøne omstillingsprosessen. Eyde-klynga er ei regional næringsklynge og klyngeprosjekt innanfor prosessindustrien i Agder, og har fått anerkjenning som NCE-klynge idet norske klyngeprogrammet, Norwegian Innovation Clusters. For å definere ei klynge blir det tatt utgangspunkt i Reve & Sasson (2012) sin definisjon der ei næringsklynge blir omtalt som ein kritisk masse av bedrifter lokalisert i same region, som har som hensikt å lære av kvarandre. I studien analyserast handlingane klyngeadministrasjonen, klyngebedriftene og andre støtteorganisasjonar gjer for å møte det grøne skiftet. Gjennom handlingane sine endrar aktørane ressursane som er tilgjengeleg i det regionale innovasjonssystemet i Agder og i bedriftene, både på systemnivå og bedriftsnivå. Dette bidrar til utviklinga av regionale utviklingsbanar, slik at prosessindustrien som næring utviklar seg ytlegare samt omstiller seg i ei grønare retning. I studien kjem det fram at omstilling har vore eit fokus for bedriftene i Eyde-klynga i lang tid, noko som har gjort at dei framleis overlev den dag i dag. Bedriftene ser på grøn omstillingsprosess som eit strategisk grep og sitt konkurransefortrinn i møte med resten av verda, noko Landmark, Rodvelt & Torjesen (2015)også hevder og omtalar som strategisk posisjonering. I tillegg ynskjer bedriftene å bidra til ei betre og meir berekraftig verd å leve i, gjennom grøn omstilling.
| year | journal | country | edition | language |
|---|---|---|---|---|
| 2021-01-01 |