6533b7dbfe1ef96bd126f971

RESEARCH PRODUCT

Elev- og nivåforskjellar i juniorkorps - Komponering og arrangering som differensieringsverktøy for dirigenten : EI UNDERSØKING AV KORLEIS TILPASSA REPERTOAR KAN HA INNVERKNAD PÅ UNDERVISNINGSPRAKSISEN I EIT JUNIORKORPS

Aleksander Haga Tveit

subject

VDP::Humaniora: 000::Musikkvitenskap: 110::Musikkpedagogikk: 114JuniorkorpsmeistringpraksisfellesskapmotivasjonKF500repertoar

description

Masteroppgave kunstfag KF500 - Universitetet i Agder 2018 I denne undersøkinga har eg undersøkt effekten ved bruk av sjølvkomponert tilpassa noterepertoar i eit av mine juniorkorps, over ein periode på omlag 3 månadar. Dette vart gjort med mål om å læra meir om kva for fordeler og ulemper slikt tilpassa repertoar kunne føra med seg inn i undervisningssituasjonen. Val av tema, blei valt grunna personlege frustrasjonar knyta til den eksisterande repertoarlitteraturen som finnast for juniorkorps, og korleis denne litteraturen gjorde juniorkorpspraksisen utfordrande å gjennomføra. Gjennom undersøkinga har eg prøvd ut ulike former for tilpassa repertoar, som ei form for aksjon i aksjonsforsking. Empirisk innsamling blei gjort i tre separate syklusar, der eg på bakgrunn av ny kunnskap etterkvart tilpassa repertoar på nye måtar, for å sjå kva for effekt dette kunne føre med seg. Under utprøvingane av tilpassa repertoar håpte eg at ny empiri skulle føra meg nærare eit svar på mi problemstilling: - Korleis kan tilpassa repertoar ha påverknad på undervisningssituasjonen i eit juniorkorps? Med ei slags pragmatisk tilnærming, har eg i tillegg til å prøva å få svar på mi problemstilling, prøvd å sjå ein praktisk og anvendeleg verdi i empirien som vart samla inn. Korleis kunne dette brukast, for meg? Nøkkelord: Juniorkorps, repertoar, meistring, motivasjon, praksisfellesskap Teoretiske omgrep: Prestasjonsmotivasjon (Atkinson), «self-efficacy» & sosialkognitiv læring (Bandura), den proksimale utviklingssone og den medierande hjelpar (Vygotsky), behovshierarkiet & peak experience (Maslow), situert læring (Lave & Wenger), Sosial speglingsteori (Mead), flow (Csikzentmihalyi), kollektiv flow (Peter Bastian).

http://hdl.handle.net/11250/2563612