6533b834fe1ef96bd129d9dd
RESEARCH PRODUCT
Når preposisjonar erstattar kasus : om preposisjonsobjekt (objektsadverbial) frå norrønt til moderne norsk
Tor Arne Haugensubject
PreposisjonSyntaksNO500Norsk språkHistorisk framstillingVDP::Humaniora: 0::Språkvitenskapelige fag: 10::Nordisk språk: 18Norrønt språkdescription
Masteroppgave i Nordisk språk og litteratur 2006 - Høgskolen i Agder, Kristiansand Dette arbeidet har to hovuddelar. Den første delen er ei valensundersøking. Formålet med denne undersøkinga er å finne ut kva for valens verb som i moderne norsk krev preposisjonsobjekt, hadde på det norrøne språksteget. Den andre hovuddelen er ein analyse av preposisjonsobjekt i moderne norsk, med grunnlag i det teoretiske rammeverket i arbeidet, Lexicase Dependency Grammar (Starosta 1988). Sentrale prinsipp i Lexicase Dependency Grammar (LCDG) blir presenterte i kap. 2. I dette kapittel blir også metodiske spørsmål i samband med valensundersøkinga diskuterte, og korpusa som dannar grunnlag for undersøkingane, blir presenterte. Valensundersøkinga er tema for kap. 3. Hovudhypotesen for undersøkinga er at preposisjonsobjekt er mindre utbreidde i norrønt enn i moderne norsk, sidan morfologisk kasus i norrønt kan uttrykke det same som preposisjonane i preposisjonsobjekta gjer i moderne norsk. Grunnlaget for analysane er 50 verbpar, med eitt verb frå det norrøne og eitt verb frå det moderne norske språksteget. Verba i dei ulike para er leksikalsk nærskylde. Analysen av verbpara syner at hovudhypotesen blir styrkt. 51,2 % av dei norrøne verba har nominalt komplement som einaste eller muleg alternativ, der dette ikkje er muleg i moderne norsk. Dette blir sett i samanheng med tap av dei semantisk markerte kasusformene dativ og genitiv ved kasusmarkering av verbkomplement frå det norrøne til det moderne norske språksteget. I moderne norsk er preposisjonar einaste mulege form for slik semantisk markert kasusmarkering. Ein annan viktig faktor ser ut til å vere at dei norrøne verba med nominale komplement syner låg grad av semantisk transitivitet, og divalente verb med preposisjonsobjekt i moderne norsk er intransitive verb. I kap. 4 blir preposisjonsobjekt i moderne norsk analyserte med utgangspunkt i LCDG-modellen. Det blir lagt vekt på å avgrense valensen til verb med preposisjonsobjekt frå tilgrensande underklasser av verb. Ein del sentrale syntaktiske og semantisk-funksjonelle eigenskapar ved denne komplementstypen blir diskuterte, og det blir konkludert med at det syntaktisk sett ser ut til å vere grunnlag for å klassifisere preposisjonsobjekt som ein type adverbial, og ikkje som ein type objekt.
| year | journal | country | edition | language |
|---|---|---|---|---|
| 2006-01-01 |