6533b858fe1ef96bd12b5cd0
RESEARCH PRODUCT
Segmentasjon eller motivert epentese? Om overgangen ll > dl i vestnorsk
Rune Røsstadsubject
VDP::Nordiske språk: 018VDP::Nordic languages: 018description
Den vestnorske lydendringa ll > dl er rekna for å vere ein ‘segmentasjon’ og står i eit uvisst forhold til overgangen rl (> ll) > dl, som tradisjonelt er rekna som ein ‘differensiasjon’. Lydendringane er forsøkt forklarte på ulike vis, og særleg problematisk synest ll > dl å vere. Forfattaren argumenterer for at det å sjå overgangen som ein ‘epentese’ er meir klargjerande ved at han blir sett på som resultat av koartikulasjon og såleis som ei fonetisk motivert lyden- dring. Vidare undersøker forfattaren om og korleis overgangane kan forkla- rast innanfor to teoretiske rammeverk som kombinerer fonetisk basis og kognisjon: artikulatorisk fonologi (representert ved Garmann 2010) og John J. Ohalas teori om hypokorreksjon og hyperkorreksjon. Konklusjonen er at desse teoriane ikkje gjev fullgode svar, og særleg utfordrande er det å beskrive den kognitive prosessen. Likevel synest dei to tilnærmingsmåtane som frukt- bare forsøk på å forstå korleis lydendringane oppstod.
| year | journal | country | edition | language |
|---|---|---|---|---|
| 2019-01-01 |