Potensielle årsakar til bidialektale språkpraksisar og syskenflokkar som bidialektale praksisfellesskap
I prosessen med å tileigne seg eit talemål går språkbrukarar gjennom ein språkleg sosialiseringsprosess der ulike språklege sosialiseringsagentar og andre omkringliggjande faktorar gjer seg gjeldande. I løpet av den språklege sosialiseringsprosessen tek språkbrukarar del i ulike praksisfellesskap der dei samhandlar med sosialiseringsagentar med ulik posisjon og betyding. Syskenflokken kan potensielt vere eit særleg relevant praksisfellesskap. For nokre språkbrukarar vert resultatet av den språklege sosialiseringsprosessen det ein kan omtale som bidialektale språkpraksisar, som vil seie moglegheita og evna til å bruke og veksle mellom to ulike dialektar. Føremålet med denne oppgåva var å utf…