6533b7dcfe1ef96bd127273c

RESEARCH PRODUCT

Potensielle årsakar til bidialektale språkpraksisar og syskenflokkar som bidialektale praksisfellesskap

Eline ÅSland Thorsland

subject

description

I prosessen med å tileigne seg eit talemål går språkbrukarar gjennom ein språkleg sosialiseringsprosess der ulike språklege sosialiseringsagentar og andre omkringliggjande faktorar gjer seg gjeldande. I løpet av den språklege sosialiseringsprosessen tek språkbrukarar del i ulike praksisfellesskap der dei samhandlar med sosialiseringsagentar med ulik posisjon og betyding. Syskenflokken kan potensielt vere eit særleg relevant praksisfellesskap. For nokre språkbrukarar vert resultatet av den språklege sosialiseringsprosessen det ein kan omtale som bidialektale språkpraksisar, som vil seie moglegheita og evna til å bruke og veksle mellom to ulike dialektar. Føremålet med denne oppgåva var å utforske moglege årsaker til kvifor nokre språkbrukarar utviklar og konsoliderer bidialektale språkpraksisar. Dette vart forsøkt gjort gjennom å rette merksemd mot den fasen i den språklege sosialiseringsprosessen der dei bidialektale språkpraksisane utvikla og konsoliderte seg, og mot syskenflokkar som bidialektale praksisfellesskap. Det vart det gjennomført kvalitative intervju av fem bidialektale språkbrukarar. Informantane fordelte seg på ein syskenflokk og eit syskenpar, der alle i oppveksten beherska og veksla mellom to ulike dialektar. Informantane vart både intervjua individuelt og saman med syskena i eit gruppeintervju. Studien har eit sosiokulturelt utgangspunkt, og la stor vekt på å få fram informantane sine refleksjonar og innsikter rundt eigen språklege sosialiseringsprosess og syskenflokken som praksisfellesskap. Intervjua tok mellom anna føre seg eldre sysken si potensielle rolle som språklege førebilete, betydinga av ulike språklege sosialiseringsagentar, geografisk mobilitet, identitetskopling og tilknyting til foreldra sin oppvekststad, samt språkbruksnormer og språklege strategiar innanfor det bidialektale praksisfellesskapet. Sjølv om studien ikkje gjev grunnlag for å konkludere på generell basis, er det likevel mogleg å kome med nokre merknadar om kva faktorar som kan ha hatt sentral betyding for dei utvalde informantane. Ettersom informantane fortel at omstenda rundt, den geografiske mobiliteten og kontakten med ulike sosialiseringsagentar har variert i løpet av livet, verker det mest sentrale å vere identitetskoplinga, tilknytinga til foreldra sin oppvekststad og relasjonane til personar derifrå som vart etablert medan informantane framleis var barn og unge. Sjølv om syskenflokken som bidialektalt fellesskap ikkje verker å ha hatt ei avgjerande rolle, kan den likevel ha gjort det lettare og meir naturleg å både utvikle og vedlikehalde dei bidialektale språkpraksisane.

https://hdl.handle.net/11250/3078645