Talemålsutvikling i Valle
Kristian Thaule Talemålsutvikling i Valle: Korleis utviklar talemålet seg til elevar frå 5.-10. klasse på Valle skule anno 2023? Masteroppgåve i norsk didaktikk Fakultet for humaniora og pedagogikk Institutt for nordisk og mediefag Universitetet i Agder, våren 2023 I denne oppgåva har eg hatt som målsetting å sjå på talemålsutvikling i Valle. Undersøkinga har registrert talemålet til to informantgrupper frå 5.-10. klasse på Valle skule. Informantane har gitt empiri til oppgåva ved å reflektere, utforske og samanlikne kring talemål og andre talemålsvariantar knytt til læreplanmåla i norsk etter 7. og 10. trinn. Eg har tatt i bruk fire forskingsspørsmål. Dei er som følgjande: - I kor stor gra…